hola!
i dag hadde me fri paa foeremiddagen, mange gjekk opp to kvartal fraa hotellet for aa kikka paa eit marked der. og naar vi trefftes til lunsj var det ikkje faa som kom tomhendte! etter ein god lunsj reiste me til eit enormt marked (1 kvadratkm) for aa besoka PENNAT, det er ein skule paa markede for born som jobbar der, slik at dei og faar skulegong. i dag hadde me ikkje aktivitetar med borna, fordi det skal me i morgon. me fekk ei omvising rundt paa markede av nokre born og ungdommar som gaar paa pennat. og her var det om og gjera aa halda i lag, det var ein enorm labyrint! markede var delt opp i forskjellige avdelingar, t.d. med kokkos, bananer, limfrukter, kjeramikk, julepynt, klede osv.. dei hadde og ein soppelplass der folk heiv soppel og andre gjekk og plukka ut det dei kunne tjena penger paa. det var ein plass der dei kunne gjenvinna t.d. plast til tonner dei kan ha vatn i, eller blikkboksar dei kan bruka som mugger. paa vegen gjennom markede var me innom ein av 21 klasserom som er spreidd paa heile markede. der sang dei for oss og me sang hode, skulder kne og taa for dei baade paa norsk og spansk. det synest dei var kjempekjekt! etter omvisinga paa markede reiste me for aa treffa Petter Skauen. daa opplevde me store kontrastar. me kom fraa markede, der mange maa sova paa ein madrass i bua si om natta, til eit svaert hotell, der ein kan kosa seg med ein drink paa bassengkanten. Petter Skauen kom til Guatemala etter eit svaert jordskjelv, og har vert med paa fredsforhandlingane i landet. han fortalte sterke historiar fraa borgarkrigen, og om korleis landet er no, med saa mykje korrupsjon .
paa kvelden feira me bursdagen til Kristi!! me overraska ho med piñata i parkeringshallen fyrst, og den var svaer! her venta ogsaa Hugo ein ho reisa saman med i 2001. etterpaa reiste me til T.G.I fridays og hadde ein god middag, med kake og sang, her kom ogsaa Benjamin og kameraten David. og etter maten gjekk me ut og dansa salsa!!:D
-Karen-