San Juan del Obispo, mandag 16.11.09 – torsdag 19.11.09

No har vi komt til San Juan del Obispo, en liten smaaby utanfor Antigua soer i Guatemala. Her skal vi bu fraa mandag 16. til laurdag 21. november, mens vi er elevar paa den lokale spraakskulen “APPE” og laerer SPANSK!
Vi er alle plassert i vertsfamilier, to og to elevar ilag, og dette er kjekt. Nokon har imidlertid kanskje vore meir heldige med standarden enn andre? Men vi klagar ikkje. Familiene er ulike, men vi har alle det bra.
Skuledagen paa “APPE” byrjar 08.00 kvar morgon, og vi har undervisning fram til 12.00 – berre avbrutt av ein halvtimes pause fraa 10.00-10.30. Sidan dei fleste oss er paa ulike nivaa spraakmessig, er det veldig greit at vi har kvar vaar laerar, slik at alle kan faa best mogleg tilrettelagt undervisning, fraa det nivaaet ein er paa. Vi maa vel kanskje innroemme at det aa sitte paa skulebenken aa skulle pugge spansk er er ei lita utfordring, sidan vi kjem rett fraa eit hardt shopping-og avslappingsopphald i Antigua.
Heldigvis kanskje, gjer vi andre ting enn aa pugge spansk ogsaa; kvar ettermiddag arrangerer ”APPE” turar til Antigua og omegn. Mandag hadde vi omvisning i Antigua, og etterpaa drog Ferdinand og Alexander paa “tuk-tuk”-raanetur. Ein tuk-tuk er ein pitteliten kassebil med tre hjul og plasttak og veggar, som fungerer som drosje i Guatemala. Dei raana rundt i heile byen, og gav resten av gruppa ein god latter der dei plutselig kom rundt eit hjoerne i full driv.
Tysdag var vi paa to lokale museum med tema guatemalsk kaffiproduksjon og nasjonal musikktradisjon. Spennande. Etterpaa gjekk ein gjeng paa salsakurs, medan andre gjorde spansklekse og aat mat paa ei fastfood-shappe. Paa kvelden moettest alle paa ein lokal danseklubb for aa danse salsa. Naaken meir profesjonelle enn andre… Onsdag gjekk turen til ein litan by utanfor Antigua, der vi fyrst var bedde paa lokal lunsj av vaar kjaere busssjaafoer Cesar og deretter besoekte et lokalt “kvinnekollektiv”. Hos Cesar fekk vi smake ein sterk lokal rett bestaande av kylling, ris og sterk saus. Nokon var uheldige aa soelte ut halve sausen sin paa bordet, men det gjekk fint, ha,ha. Etter maten leste vi norske eventyr til borna i huset, og fekk demostrert korleis ein vever stoff paa tradisjonelt guatemalsk vis. Litt sjokkerte var vi naar vi fekk vete at det tek mininum 7 maanadar aa veve eit vanleg teppe stoerrelse 2*0,5 meter!
Paa kvinnekollektivet moette vi lokale kvinner som ogsaa laga tradisjonell guatemalsk handverk. Dei viste oss i tillegg gamle sermoniar som folk i guatemala (blant anna mayane) brukte i gamle dagar. Merete og Ferdinand (som foroevrig har krangla som soesken i baksetet paa minibussen heile turen hittil), vart ironisk nok valt ut til aa ta del i ein BRYLLAUPSSEREMONI, der dei vart godt gifte – til stor latter fraa resten av gruppa. Dei var ikledde tradisjonelle drakter; Ferdinand med kortbukse i bomull og ein lang kjortel og straahatt, Merete med strieskjoer, tradisjonell bluse, sloer og blomar. Vi avslutta besoeket hos kvinnekollektivet med aa proeve aa lage tortillas, med eit jamt over keitete resultat.
Imorgon er det nok ein skuledag, og deretter salsakurs. Vi gler oss!
Hasta pronto!